IESO2019 - gode resultater i Daegu, Sør-Korea.

F.v. Pauline Hordvik, Ivan Tvedt, Håkon Saltom Rikheim og Andrine Hønsvoll F.v. Pauline Hordvik, Ivan Tvedt, Håkon Saltom Rikheim og Andrine Hønsvoll Turid Siqveland

Nok en gang har norske elever imponert på den internasjonale finalen i geofag - IESO.

Denne gangen var det mentorene Sissel Aasheim og Turid Siqveland som tok turen til finalen, sammen med de fire kvalifiserte elevene.

Elevene som var med: Pauline Hordvik (Bergen Private Gymnas), Andrine Hønsvall (Sandefjord VGS), Håkon Saltom Rikheim (Ski VGS) og Ivan Tvedt (Sandnes VGS).

Resultatet ble da tre individuelle bronser, en bronse i ESP og en sølv i ITFI.

 Mentorene Sissel Aasheim og Turid Siqveland har sendt følgende rapport:

"Me hadde med oss veldig kjekke elevar, som tok utfordringar og lite søvn på strak arm. Er mektig imponert over kor positive dei heile tida var, sjølv om dei var slitne.
Både for elevane og for oss vaksne var dette ei stor oppleving, veldig kjekt å bli kjent med folk frå heile verda.
Det heile opna med ein stilig innmarsj av alle elevane. I år var IESO større enn tidlegare år, med heile 43 land med. 163 elevar var med i konkurransen i tillegg til 18 gjeste-elevar. Det var med 84 mentorer og 55 observatørar, altså var me 320 totalt.
Opplegget var profesjonelt og gjekk stort sett på skinner. Både elevane og me vaksne opplevde det som veldig travelt, det var noko å gjera stort sett heile tida. Me var mellom anna på ekskursjonar til det kjente tempelkomplekset Bulguksa, me var i Cheongsong Unesco Global Geopark og me var sør til Samrak-Ri for å sjå på fossile dinosaurspor.
Og i tillegg var det dei ulike konkurransane, me vaksne diskuterte oppgåvetekst og omsetje dei til norsk, og ungdommane jobba knallhardt.
Temaet for oppgåvene var henta frå Aristoteles sine fire element; luft, ild, jord og vann, dette viser og i logoen. ESP (Earth Science Project) handla om tyfonar og klimaendringar i Asia, medan ITFI (International Team Field Investigation) var knytt til vurdering av geologisk alder på tre ulike lokalitetar med dinosaurspor. Dei norske elevane hevda seg godt, med 3 individuelle bronser, 1 bronse i ESP og 1 sølv i ITFI.
Når ein høyrde kor mykje trening som ligg bak til dømes Japan og Sør-Korea sine 4 individuelle gull, så trur eg at Noreg bør vera nøgde med medaljefangsten.
Noko av det kjekkaste var likevel kvelden der elevane underhaldt med ulike kreative innslag. Det gjer håp for framtida å sjå ungdomar frå land som er bitre fiendar, svinga seg saman på dansegolvet.
Til slutt var det verdig medaljeseremoni og overrekking av IESO-flaget til neste års arrangør: Byen Tyumen i Sibir."

NGF gratulerer Pauline, Andrine og Håkon med hver sin individuelle bronse, Ivan med sin bronse i ITFI, og Håkon med sølv i ESP.
En meget god innsats!

 

AkerBPsvarthvit1 NGUlitenfarge ngi logo svarthvit Equinor PRIMARY logo RGB BLACK sandvik-logo svarthvit
Lundin svarthvit od svarthvit
logo visneskalk ranagruber svarthvit

 

AkerBPsvarthvit NGUlitenfarge
ngi logo svarthvit statoillogo svarthvit
sandvik-logo svarthvit dongenergy
Lundin svarthvit ranagruber svarthvit
 
od svarthvit logo visneskalk