Årsmelding 2018 - NGF Trondheim

 

Styrets leiar: Espen Torgersen (NGU) Kasserar: Louise Hansen (NGU) Sekretær: Kristian Drivenes (NTNU) Styremedlem: Tine Larsen Angvik (NTNU) Styremedlem: Tord E. Andersen (NTNU, student) Revisorar: Hans de Beer (NGU) Arne Solli (NGU) Vararevisorar: Kristian Brandsegg (Exploro) Sverre Ola Johnsen (NTNU) Valkomitemedlem: Guri Venvik (NGU) Medlem: Terje Solbakk (NTNU)

Økonomi; NGF-Trondheim sin økonomiske situasjon pr. januar 2019 er god og tilfredsstillande for å kunna oppretthalda og heva aktivitetsnivået frå føregåande år. Sjå vedlagt rekneskap v/kasserar Louise Hansen.

Medlemmer; NGF si Trondheimsavdeling hadde 266 medlemmer per 01.01.2019, ein nedgang på 11 fra foregående år.

Aktivitet i 2018; Det vart arrangert tre medlemsmøte med føredrag og bevertning (inkl. årsmøte og julemøte), ekskursjon i Trondheimsområdet, samt Geologiens Dag i Trondheim 8.september. I førekant av møtet i oktober vart det arrangert eit informasjonsmøte mynta på studentar for å auka rekrutteringa til lokallaget. Oppmøtet på møta har variert mellom 21 og 38 deltakarar, og 24 personar var med på ekskursjonen. Dette er noko lavare enn i 2017, men høgare enn i 2016. Møta har blitt arrangert på NTNU og NGU. Julemøtet med påfølgjande middag vart heldt på Kvilhaugen Gård. Geologiens Dag var ein braksuksess, med over 750 personar innom dørene på Vitenskapsmuseet. Nytt av året var ein geocachingkonkurranse, der publikum skulle finna fram til fem lokalitetar av geologisk interesse. Eit kart og litt informasjon om lokaliteten vart levert ut til interesserte deltakarar, og det vanka små premiar til dei som fann fram til kvar lokalitet. Det er ein pågåande diskusjon angåande passande, meir sentrale lokale til føredrag. Styret tek imot tips til potensielle lokale. Styret takkar alle som har stilt opp for NGF-Trondheim i 2018, og er opne for innspel til føredragshaldarar og aktivitetar for framtida.

Liste over arrangement:

Februar; Årsmøte (NGU) Willliam Helland-Hansen (UiB) «Kvantifisering av morfologier og sedimentasjonsrater på Jorda: Et reiskap for rekonstruksjon av gamle landskaper?» (31).

September; (Vitenskapsmuseet) Geologiens Dag (750), og ekskursjon «Kvartærgeologi i Trondheimsområdet – deglasiasjon, havnivåhistorie og skred» (24).

Oktober; (NTNU) Lilja Run Bjarnadottir (NGU) og Kurt Aasly (NTNU) «Slår på kunnskapslyset under vann: undersøkelser og oppdagelser frå forskningsprogrammene Mareano og MarMine» (21).

November; (Julemøte, Kvilhaugen Gard) Reginald Hermanns (NGU/NTNU) og Marie Keiding (NGU) "Fjellskred- og Jordskjelvforskning over alle grenser" (38).

For styret, Kristian Drivenes.

Sekretær, NGF Trondheim mars 2019.

AkerBPsvarthvit1 NGUlitenfarge ngi logo svarthvit Equinor PRIMARY logo RGB BLACK sandvik-logo svarthvit
Lundin svarthvit od svarthvit
logo visneskalk ranagruber svarthvit

 

AkerBPsvarthvit NGUlitenfarge
ngi logo svarthvit statoillogo svarthvit
sandvik-logo svarthvit dongenergy
Lundin svarthvit ranagruber svarthvit
 
od svarthvit logo visneskalk