Geologiens Dag vart gjennomført med stor oppslutning og oppmøte som vanlig. Tema for dagen var «Geologi for framtida». Geologiens Dag er noko av det kjekkaste eg er med på som president. Her jobbar me med å få ut kunnskap om kor kjekt geologi er og kor viktig det er i samfunnet, til medborgarane våre. Det vert gjennomført rundt 80 arrangement av like mange arrangørar, med alt frå 10-1000 besøkande. Det er ei stor dugnadsinnsats som vert lagt ned av medlemmene våre.
Foreninga har hatt ein ganske stille haust, der me er litt innimellom konferansar. I vår heldt me Arctic Days i Svolvær som var vellykka både med hensyn på innhald og oppmøte. Neste konferanse er NCS Exploration 2018 på Fornebu der me samarbeidar med Geopublishing. På konferansen vil ein gjennomgå tørre brønnar, antatt tekniske funn og mulige kommersielle funn for å få ny kunnskap og forbetra lærekurva. Den fyrste dagen vil det vera kjernevisning, og Morten Bergan i Bayerngas vil vera guide på feltturen «The Ordovician sedimentary rocks of the Oslo Rift».
Det 33dje Nordiske Geologiske Vinter Møte vert arrangert i København 10.-12.januar 2018. NGF vil vera tilstade med stand og promotera foreninga sine aktivitetar og produkt. Arrangøren, den Danske geologiske forening, har satt opp 18 ulike tema med undersesjonar, det bør vera geologiske tema for einkvar smak. Den daglege drift i foreninga går sin gang, NJG blir stadig oppdatert med nye artiklar og komande konferansar er under planleggjing. Følg med på heimesida og sosiale medier om kva som skjer framover.
Ynskjer alle medlemmene ei riktig god jol, og håpar me sjåast i København.Hugs at ‘Landet blir til’ er ei ypparleg jolagåve, også til tenåringar.
Helsing Janka Rom President